Blomsterverkstaden AS          
~Kreativt Blomsterhåndverk~

20191031_233930 (002).jpg
Blomsterverkstaden AS ligg 4 mil nord for Bergen, og er i dag driven av blomsterdekoratør Ingvill Marie Svenheim. Blomsterbutikken vart starta heime i kjellaren i 2012, og etter 3 år,    i 2015 kunne me endelig flytte inn i heilt nye lokaler i Austmarka, ilag med dagligvare og frisør.
 
I dag er me 4 personar som jobbar i butikken. Me er opptatt av vidareutvikling av blomsterdekoratørfaget og utdanning av nye fagarbeidere, derfor har me lærling i vår butikk. Me tek imot praksiselevar i blomsterdekoratørfaget, når de spør. 
 
Me på Blomsterverkstaden likar å konkurrere, Ingvill Marie har mange medaljar i lokale distriktsmesterskap, og i Norgesmesterskapet i 2018, vann ho sølvmedalje. 
I distriktsmesterskapet 2019, vann lærlingen vår Caroline, gullmedalje i klasse B, og difor er både Ingvill og Caroline kvalifisert til Norgesmesterskapet 2020.
 
Me er en blomsterbutikk med alle variantar av blomsterbinderi. Hjå oss kan du bestille buketter, dekorasjoner, brudebuketter, sorgbinderi til gravferd, scenedekor og blomster til bedrifter. Ynskjer du å bestille blomster til ditt bryllup, gje oss gjerne ein lyd i god tid, då me har mykje pågang i mai til august. Me har også eit spennande utval av planter og interiør, og stor uteavdeling med hageplanter, stauder og sommarblomster i sesongen. Me sel også lokalt dyrka juletre og eigenproduserte kransar til jul. Me heldt også kurs med jevne mellomrom, følg med på vår facebook-side.
 
Me tek på oss å dekorere til større arrangement og selskap om du ynskjer det, som bordedekor, kirkedekor og scenedekor. Me lagar blomsterarbeid, utifrå dine behov og leverer, så langt det lar seg gjere.
 
Frå vår butikk leverer me dagleg blomster i heile Radøy, Alversund, Knarvik og Austrheim. Me er medlem i Interflora og ordnar med formidling av blomsterhelsingar i Norge og til heile verda.
 
Kom innom oss i Austmarka på Radøy!
Søre Austmarka 9
5938 Sæbøvågen
Tlf: 56 37 02 00
 
 Våre åpningstider: 
Man, tirs, ons, fre: 09.00-17.00
Tors: 09.00-19.00
Lør: 10.00-15.00